Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII. Fortællinger og digte - 119. Fraa fant til folk. Av John Lie. Tegning av A. Bloch - 120. Jolemorgon i Nordland. Av E. Blix. Med billede av Th. Holmboe
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
heim. Helga og borni hadde lege med stor otte for meg;
no var alt godt og vel; dei var snilde mot barnet og gledde
seg i at eg hadde frelst gjentungen fraa aa frjosa i hel i
snøfonni.
Barnet vart verande hjaa oss og treivst godt. Det vart
hardt slit for livebrødet; me var mange menneskje; plassen
var liten og frostnæm, so jordepli tidt kom burt. Men mor
sa: «Den gryta som kokar til seks, kokar til sju ogso.» Me
hadde kje hjartelag til aa jaga Sina fraa oss.
«Men Sina — dette namnet er kje likt til nokon ting,»
sa mor. So kalla me barnet Signe. Fraa det fyrste kom
det nokre arge rider yver henne; ho var vond og fæl; men
det voks snart av henne, og ho vart eit mynsterbarn i alle
maater. Og lukka fylgde oss fraa den dagen. Stova vart
ljosare; eg sette in tvo vindaugo. Potetorne frans sjeldan;
eg veita[1] upp myri nedunder Selje-aaker.
Mor fekk rett: gryta vaar koka godt, og so rikeleg at
gjerne ti menneskje kunde ha ete seg mette.
Upp ved Nordlands lange strender,
under høge myrke fjell,
sol seg snøgt til skugge vender,
ljos og myrker misjamt fell.
Medan sumarsoli straalar
dag og natt paa fjell og fjord
og med gullglans landet maalar,
daa det fagert er der nord.
Men naar vinterstormar durar,
snøen fjell-imillom fyk,
baaror bryt som høge murar,
sjøen kvit for vinden ryk:
Daa si ljose aasyn gøymer
under hav den signa sol,
folk i myrker gjeng og drøymer,
ventar solhòv[2] fram mot jol.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>