Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII. Fortællinger og digte - 119. Fraa fant til folk. Av John Lie. Tegning av A. Bloch
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Det bar so til, fortalde Olav : Eg var paa Finnbu og
timbra. Um laurdagen maatte eg heim; og hadde lova Helga
og borni det, elles hadde eg visst ikkje reist fraa Finnbu,
for det saag ut til aa verta vondt vêr.
Eg stolpra tungt frametter. Og so bikende myrkt som
det var! Eg snaava i eitkvart — — kva var dette? Eg bøygde
meg ned. Ein sekk? Nei; men i Guds namn! Er det eit
barn! Ei liti gjenta! Gud vere lov at ho liver! Men føterne
er vel skamfrosne. Ho hev berre ein sko og mest inkje
sokkar — berre fillor! Og so vaat og kald!
Men eg var heit som ei glod. Eg reiv av meg trøya
og turklædet eg hadde kring halsen, sveipte det kring henne,
tulla ho inn so godt eg kunde. Og so galdt det aa skunda
paa! Næraste plassen var Groshaug; det auka paa med vind
og uvêr; sume skavlar var det snaudt eg kom igjenom,
snøen rakle meg til bringa. Det var ein hard sjau, men eg
kjende meg ikkje trota;[1] lett og glad var eg, vona visst eg
kunne frelsa eit menneskje fraa dauden. Eg rakk Groshaug
daa dei sat og aat kveldsmat.
Me stelte godt med vesle gjenta, og ho raadde med seg,[2]
saag paa meg so vænt ug blidt, — so sovna ho att. Eg
kunde kje sova; eg sat ved sengi hennar heile natti.
Um morgonen tyktest ho vera god og frisk. Eg strauk
det tjukke brune haaret fraa panna hennar og klappa
kinnerne. Ho smilte til meg. So sa ho: «Eg høyrde de tala
um meg; eg drøymde so vænt; eg vart boren so godt og
varleg. Var det du som bar meg?»
«Ja. Hev du det godt no!» — «Ja — godt,» sa ho.
Ho var væn, og saag paa meg saa truhjartigt og mildt.
Det vermde meg i bringa; eg bøygde meg ned, jamna puta,
pakka klædi um henne. «Sov eit bil endaa,» sa eg; «det
er tidleg paa dagen.» Daa heiv ho tæpet av seg, tok meg
kring halsen og klemde so det plent gjorde vont. «Reis
inkje fraa meg!» sa ho.
«Nei, barn; ver trygg.» — «Maa eg vera med deg
daa?» — «Ja.»
Ho dorma eit bil; eg fekk meg ski og bar gjentungen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>