- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
288

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X. Blade av arbeidets bok - 131. Ragnhild Kaata. Av Hallvard Bergh

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjentor i Norig gav meir enn 4000 krunor, born i Amerika
samla i bop 3000. Ho vart mest rikaste gjenta i Valdres,
fyrr bo visste um det.

JSTo slapp bo paa skule ogso. Og sæl var ho. Sume
born hev liten hug til aa gaa paa skule; det er skilleg
stor-toskar det. Ho hadde røynt det sjølv, ho Ragnhild, at
dei er ulukkelige dei borni som ikkje fær læra noko. X 7
aar hev ho vore paa Hamar i ein skule for slike som er
dauve og ikkje kann tala, Styraren, Hofgaard, hev teke
seg av henne. No kann ho svalla lite, ho skynar liva du
segjer; men daa Jyt ho stinga sleikjepotten innpaa
tunge-tippen din. Du kann skriva med fingren i handi hennar;
ho les det greidt. No hev ho lært og rekna ogso.
Fedra-landet sitt kjenner ho. Jordkunna er ho svært glad i. Men
det som det er meir um aa gjera med, hev ho fenge
vitskap um no. At det er Gud som hev skapt henne og er
rette far hennar, det veit ho vel; like eins at Jesus hev
frelst henne og Heilaganden gjort henne heilag, og at dette
livet er stutt og fatigslegt, men at det etter dauden tek til
eit nytt liv i himmelen, eit liv som varer ævelegt i sæla og
fred. Naar ho Ragnhild døyr og slepp dit, daa skal ho
og sjaa, høyra og svalla som ein av oss, ja ho skal jamvel
faa * skoda Gud som han er» og vera med i den væne songen
som tonar gjenom alle himmelsalar fraa æva til æva.

Men korleis kann ho skriva, naar ho inkje ser?
fre-gar du. Jau, ho hev former som bokstavarne er skorne ut
i, skorne lukt igjenom. Med fingrarne tumar ho ut den
bokstaven ho hev bruk for — R til dømes. Ho legg han
paa papiret og ritar inni med ein blyant. Soleis leitar ho
ut bokstav etter bokstav. Det gjeng seint, men det gjeng
daa. Ho hev vorte eit menneskje no, med vit og vaken
tanke.

Her eit aaret svalla ho ved krunprinsen; han var
der paa Hamar eit ærend, og den tid han høyrde um henne,
vilde han stad gjera seg kjend med henne. Daa han vilde
til aa beda velliva, gav han henne 50 krunor.

«Kto vil du ha desse pengarne til?» frega ein.

Fr ega: sporge. — Turna: famle.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0288.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free