Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV. Natur og folkeliv. Digtning - 38. Berre ein hund. Av Per Sivle. Med to tegn. av Elisabeth Sinding
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Aa tøv!» meinte Lan far.
«Aa jau, jau!» tuta ho, — det var so sant, bo sant
som ho stod der. Ho skulde upp i smidja etter is-øksi^og
sat han so inkje der under smidjebenken og glodde paa
henne med tvo augo so store som talikar, so vilde ho ynskja
ho inkje kom livande av flekken.
«Ja sol» sa han far turt og gjekk mot dori. Framfor
eg ifraa bordet, framurn bon^m ute i gangen, og so upp og
smellte halv-opne smidjedøri — «Du kjem ikkje inn 1 Du
kjem ikkje inn!» skreik eg honom i møte.« Er du galen, gut!»
sa han, treiv meg i armen, kasta meg til sida og gjekk paa.
Men aldri fyrr fekk ban dørglytten upp, fyrr hunden
innanfyre sette i med ei forfælande goving og kom
dun-drande mot døri, just som han far snøgga seg aa slaa
henne i att. — «Men for all ulukka. det er daa vel
aldri . . .?> — «Jau, jau!» skreik eg, «det er han Hall!
Men du maa ikkje gjera honom noko, — kjære far, du
maa ikkjel» — «Salamon!» ropte han; «Salamon!» — «Ja,*
svara han Salamon nede i stalldøri. «Hev du byrsa di
ladd?» — «Jau!» —- «So kom med henne daa, og det paa
fljugande flekken!»
Og so kom han Salamon byksande, med rifla si i handi
— «Kva er tids?» —■ «Aa, gakk berre upp og tak luka fraa
smidjegluggen, so fær du sjaa,» sa han far. «Ja du kann
berre prøva!» skreik eg, «du kann berre prøva, torer dul
Eg skal skamslaa deg! eg skai . . .! *
«Aa, ditt narr I» tok han far fram-i. greip meg og
meinheldt meg, daa eg alt var paa spranget med ein diger
8taur-ende i lufti, medan han Salamon steig upp, tok luka
ifraa og kika inn. «Haa haa!» ropte han, «er det du, din
rakkar! Ja bi no!» — So inn med byrsa, og so small det.
Daa dei let upp deri, laag han Hall daud paa golvet
innanfyre. Eg kasta meg ned yver honom, reint ifraa meg.
Eg gret, stridgret, so eg plent lieldt paa missa anden.
Han Salamon stod attved og flirte og log. Men ban
far kom burt og lyfle meg — slet inkje hardt — upp etter
Talik: tallerken. — Kva er tids: hvad er pimfierde. —
Mein-halda: liolde fast, saa en ikke kan røre eig.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>