- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 3 /
119

(1909-1912) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV. Natur og folkeliv. Digtning - 39. Raamund unge. Norsk folkevise

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han gjenge seg til kongsdotteri inn
og bad henne skjera seg klæde:

«Far din vil meg i tenesta hava,
hans hovmenn meg spoltar og hæder.»

* Aa, dei tarv meg inkje hæda,» sa han unge Raamund.

So rekte ho upp den silkeduk
og skar honom Raamund klæde;
kongen og dronningi undrast paa
kvi Raamund skuld’ faa slike klæde.

<Aa, dei tarv no inkje undrast,» sa han unge Raamund.

Der budde eit troll uti bergom nord
som vilde kongsdotteri herja,
og kongen han visste seg ingi raad
kor han skulde dotter si berga.

«Eg skal henne fulla verja,» sa han unge Raamund

Og inn so kom han Hølge Kvass,
det tottest bresta under tilje:

«Konge, du skal meg di dotter gjeva
alt med godan vilje!»

«Du skal henne inkje faa,» sa han unge Raamund

Og det var no han Hølge Kvass,
han glytte seg att yver herd:

«Kva er det for ein liten smaagul
som seg mune tru so vel?»

«Aa, det er no fulla eg,> sa han unge Raamund.

Og sinna so vart han Hølge Kvass,
so det knaka i alle mollom:

«Du Raamund, du skal meg møta i dag
alt ut paa leikarvollom.»

«Iig skal deg fulla møta,» sa han unge Raamund

Og fyre gjekk alle kongens hovmenn

og alle i brynjorne side;

men etter kom Raamund, bondens son,

Han skjefte paa klubba den fride.

*No er mi klubba skjeft,» sa han unge Raamunrt

Holge Kvass: trollet. — Moll: led. — Frid: smuk.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/3/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free