Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
i, teltet lians; han sat paa ein trebenk og tok imot deim.
Han var ein liten, breidbygd kar, med stort hovud; augo
var smaae og laag djupt, nasen var flat, og paa kinnerne
hadde lian berre nokre faae skjeggstubbar. Han lieldt
nakken noko bakboygd, og ango hans gjekk kvast til alle
sidor. Han var fæl aa sjaa naar han vart sint.
Ordforaren for sendemennerne helsa: «Keisaren ynskjer
du maa liva heil og sæl!» — «Gjev det maa gaa romarane
so som dei ynskjer meg det!» svara berre Attila. So snudde
han seg til den eine av sendemennerne. «Ditt skamlause
beist,» ropa lian, «som vaagar deg til aa koma hit! Du veit
daa vel den avtala som er gjord, at eg inkje tek imot
nokon utsending fraa keisaren so lenge det finst ein einaste
røming fraa landet mitt i romarriket?» Sendemannen svara
at no kom dei nett med dei siste rømingarne dei hadde
knnna finna. Daa fauk Attila upp: «Aa, eg skulde straks
paa timen liengja deg upp paa krossen og gjeva deg til
føda for ræfuglarne for denne lygni di, so sant eg inkje
hadde vyrdnad for sendemannsretten.» So léthanein tenar
lesa upp ei lang lista paa rømingar som endaa var i romar-
riket. «Eg vil inkje lia,» sa han til slutt, «at trælame
mine skal bera vaapn imot meg, um dei so ingen skade
kann gjera meg. Dei lcann inkje halda ein by eller ei borg
imot meg naar eg vil taka eller øydeleggja den. Men far
du straks heim att, og kom og meld meg um romarane vil
gjeva meg alle romingarne, eller um dei heller vil ha krig.»
Dermed var samtala ute, og den eine sendemannen
maatte fara burt att. Eit par dagar etter gav Attila seg
sjølv paa veg nordetter til hovudstaden sin, og dei andre
sendemennerne laut draga etter. Paa vegen fekk dei kje
stort anna til mat en hirse, og til drikke fekk dei injod og
surmyse. Det var fullt med myra r og elvar der dei for, og
dei sleit my kje vondt med regn og væte. Det tok yver
aatte dagar fyrr dei naadde fram til hovudstaden aat Attila,
— venteleg ein stad millom Donau og Teis. Der laag tre-
borgi aat kongen uppaa ein haug, synberr for alle med dei
hoge taarni sine; ein liog skigard gjekk utanum beile borgi,
og like eins stod ein skigard kringum sjølve huset aat Attila.
Kongen kom straks etterpaa, og han reid inn i byen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>