Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
clalar i, og rodde utpaa. Daa lian kom ut til deim, saag
han straks at det var ikkje kornskip. No segjer Ivar at
han er ikkje kjend lenger; i alle fall vaagar ikkje han aa
sigla lenger med so store skip. So slepte dei han, gav
han ei liti lon for umaken, og tok fat paa Per. Per
tenkte seg kvast um, og so segjer han: «Det er uraad og
livs spille for folk og skip aa fara lenger.» Sinklar beit
paa kroken og bad han styra til lands. Daa sette han
deim inn paa ein hamar tett ved garden sin. Sidan
vert dette stelle heitande Skottchamaren; sume kallar det
Skotte ldeivi.
No skulde Per vera med og syna veg. Dei knytte
eit snore i det lange haaret hans og taumkøyrde han
fyre seg. Han bad so fint um aa faa sjaa heim som aller
snoggast; og daa han hadde bede um det mange gonger,
fekk han lov. Men det fylgde med han vakt. Daa
stillte lian seg til og ski‘eiv nokre ord, at fienden var
kornen, og bad folket reisa seg. Det er fortalt at han rispa
det inn i ei flat tre-flis daa han gjekk upp fraa sjocn;
sume segjer at han hadde papir og skreiv det heime. Ilan
fekk det burt-i liandi paa tenestgjenta si og bad henne
fara inn paa Neset so fort ho kunde. Ho stakk det ned i
eine sokken sin, og klædde seg ut til ei fiile-kjering som
gjekk og bad seg. Daa ho kom aat skottarne, tok dei
henne. Men ho gjorde seg faavis og sa: «Bevare oss, ska!
det vera so hardt at ikkje fatigt folk kann faa gaa sin
veg!» Daa slapp ho fram. Ho kom ned til sjøen og fann
seg baat; sidan rodde ho inn paa Romsdalsneset og bar
upp bodstikka. Folket las og sende lenger; og no for I10
fraa gard til gard so fort ho vann.
Der stod skottarne paa berghamaren. Per hadde narra
deim stygt. No hadde dei Isfjorden millom seg og
Romsdalsneset; han skjer seg langt inn i landet. Dei laut
gaa rundt ikring fjorden, og det er tvo mil til kroks
i det verste ulende. So tok dei i veg; og det bar gjenom’
skog og myr. Sume tider laut dei krabba etter bergi, og
sume tidir laut dei vassa i elvarne. Og Per Klognes for
Stelle: sted. — Neset, gaard ved Kimma nederst i Romsdalen.
— Faavis: uvettig, dum. — Til kroks: i krok (omvei).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>