- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 5. Byutgave /
124

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa alle ting i andre land, og so er det von til at denne
nyfikna kunde ovra seg lier i landet og.

Olav. Aa ja, eg skulde tru det! Her er nyfikna nog,
og stundom for mykje med. For d’er so leidt med di, at
det som er gagn i, det kjem seinaste, og det som er berre
til syn og skin, det kjem alltid fyrst. Eg likar ikkje alt
som eg ser. Eg ser nok at folk vil skapa seg um i bunad
og klædnad, og i ord og tale og ymis aatferd; men eg ser
ikkje just at dei vert visare for alt det. Dei talar um
framgang, og det kann vera godt nok; men eg synest no
ofte so at det gjeng fram paa den eine sida og atter paa
den andre; det gjeng i ring liksom hespetreet. Eg tenkjer
me kunde gjera like god framgang um me heldt noko
fastare paa gamaljt maal og gamall bunad. Lat oss ganga
fram i det som godt er, men inkje ganga so at me gloymer
vaar fedra-sed, som det stend i visa. (Syng.)

(Efter en stevmelocli fra Bergens stift.)

Dei vil alltid klaga og kyta
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braatt.

Ja, det skyt ikkje fram so det dunar
(som 110 ingen kann undrast uppaa);
men det nmnar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er hugnad aa sjaa.

Lat det ganga fram, lat det siga!

Berre eit eg ynskjer og bed:
at me inkje so liogt maatte stiga
at me gløymer vaar fedra-sed.

Lat oss inkje forfederne gloyma,
under alt som me venda og snu;
for dei gav oss ein arv til aa goyma,
han er større enn mange vil tru.

Ovra seg: komme op. — Kyta: mukke, .skjende- — Duna:
larme.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:31 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/5/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free