Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Lat det merkast i meir enn i ordi
at me halda den arven i stand,
at naar federne sjaa att paa jordi,
dei kan lrjenna sitt folk og sitt latid.
Aamund. Takk skal du hava. Du kann tru det
gjer godt aa høyra atter dei gamle tonarne, naar ein liev
vore nokre aar burte. Hadde me vore fleire saraan, so
vilde eg at me skulde setja oss til aa kveda gamle visor
so lenge til me vart trøytte. Eg vart ikkje lite glad
daa eg gjekk fram med leikvollen her i stad og høyrde ei
fela; eg tykte det drog meg at eg skulde burt i leikstemna
og dansa. Men eg laut halda meg fraa det denne gongen;
for skulde folk sjaa at eg er heiinkomen, so hadde eg
vorte so kringsett av gande kjenningar at eg fekk inkje
snu meg; og 110 hev eg ikkje tid til aa røda med deim
endaa; for eg heve ymse ærend som det hastar med.
Olav. Det er ventande det, at du hev mange ærend
no baade hjaa smaafolk og storfolk; og so gjeng det vel
ikkje fort med di helder; dei stend inkje alle ferduge til
aa taka imot deg; det kann ganga som guten song daa
han gjekk og kravde pengarne sine: Ein gong gjeng han
og tek seg ein tur, daa er lian for full av tankar; ein gong
ligg han og tek seg ein lur, og daa fær du skam um du
bankar; ein gong sit han og et si steik, og daa kunde
feittet stinnast; ein gong sit han i femkort-leik, og dau
kunde drykken linnast.
Aamund. Han hev ikkje spart humlen, den som
brygg ja detta. Ha, ha! Nei du Olav, du er daa like
lystig som du hev vore.
Olav. Ja-menn er eg so, alt medan ingi uheppa slær
paa. Eg tykkjer det er stygt naar eg ser ymse folk, som
hev berre gode dagar og endaa kan ganga so gretne
og grinalle som dei vilde skræma alle folk i f ra a seg. —
-Men der ser eg at me fær meir sellskap. (Avsides).
Stinnast: stivne, storkne. — Linnast: slappes, dovne.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>