- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 5. Byutgave /
152

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

laus. «Seg det ein gong til, det der!» — «Du er ikkje
far min 1 — du er ikkje far min!» Eg hadde stade reint
som fjetra, eg, med dette gjekk paa. Men daa eg saag
lian Anton rette neven etter ein jarn-tein der laag, koka
sinnet i meg upp. Eg treiv ein hamar fraa bordet, og
hadde so-visst klemt han i svarte tatar-skjelta med alt mitt
evle, hadde kje ho Birta gripe armen min. Slepte han
Nils daa gjorde ubeistet, og hadde so-visst roke beint paa,
meg, um ikkje kjerrmgi var sprungi imillom. «Aa lat han
berre freista!» skreik eg; «du kann lita paa du skal til
lensmannen, din kolafant du er! Han hev alt auga med
deg, kann du tru!» Men aldri fyrr hadde eg telte
lensmannen paa tunga, fyrr ukjura var mjuk som ei vidja.
Aa nei, det var nok langt fraa ineiningi hans aa leggja
hand paa slike folks barn som son hans Torstein Kvaale,
lét han um. Han vontest no eg vilde ikkje fortelja dette
heime. Men eg for meg lova at det fyrste eg fekk vita
dei for ille med guten, skulde jamenn han far og lensmannen
faa greida paa alt såman.

Eg kom i skulen dagen etter. Og ikkje lenge etter
kom han Nils der og. Den nye skulemeisteren gav seg
ikkje fyrr tataren laut finna seg i det. Det laga seg so
heime at eg fekk lov gjeva han Nils nokre av dei gamle
plaggi mine til skuleklæde; det var reint høgtidsbunad
for han det, endaa dei var drjugt smaavorne til hans
kropp. For han var reint ein kjempekar av vokster, breid
yver aksler og rygg, og vel eit halvt hovud høgre enn eg,
endaa han var berre som ein maanad eldre. Det var
og avtala solcis at eg skulde ha skuleinat med til oss
baae tvo.

Fyrste morgonen hans i skulen sessa han seg vtst paa
benken nede ved dori. Men daa lesetimen kom, og ingen
annan vilde lata han sjaa ined seg i boki, fekk han
romet sitt uppe ved meg, Bøker hadde han inkje; men
deim laante eg han so gjerne, rettleidde og hjelpte han

Tein: tynd slang, — Skjelta: skolt, skalle. — Ukjura:
skamløs kroj), umenneske. — Laata am: slua paa, ytre. — Smaavoren:
n ok saa liten.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:31 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/5/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free