Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
i toppen. — Det betre samvitet mitt mælte imot. Guten
hadde daa ikkje anna gjort enn svara paa det presten
spurde. Men eg skunda meg aa setja dott i den bjølla,
berre sat arga meg upp ineir og meir, til dess eg naadde
kaldsinnet; daa vart eg lognare og hemnhard.
Det var i eit faamælt storlæte eg synte meg daa han
Nils sidan um dagen heldt seg inn aat fiieg, og venta, som
eg kunde skyna, aa (inna eit ope venahjarte for lukka si.
Han saag fyrst paa meg undren og uviss. So med eit seig
det som ei skodda nedyver andlitet paa han, taarorne
tok til aa blekkja, og dei bedande augo hans syntest meg
fortelja at han forstod kva som bila meg. Eg var paa
nippet til aa skjeminast og lata alt vera godt. Men daa
reita det meg upp aa nyo, verre enn alt anna, dette at lian
truleg skyna kva det var for tankar eg gjorde meg. So
truga eg meg sjølv til aa vera blid og gladvoren. Og eg
tok inkje i miss at eg snart hadde han heilt-upp roa
att. — Ja no fekk me sjaa.
Og dagen etter rauk det hol paa den ilskesvullen som
eg gjekk med i hjarta. Den nye skulemeisteren høyrdest
vanleg so smerande sot i maalet; og det var kome meg for
øyra at felagarne haus paa lærarskulen hadde gjeve han
utnainnet «Søtepriinen». No ja, me hadde um Esau og
Jakob i bibelsoga den dagen. «Linser?» segjer
skulemeisteren, «veit de kva det er for noko?» — «Søteprim,»
kviskra, eg. «Søteprim!» svara han Nils, høgt og trygt
-som han jamt var van naar han svara etter det eg kviskra.
Skulemeisteren spratt ende upp burte paa golvet. «Jau no
skal du faa smaka søteprim!» for han i, med eit mæle som
skalv og skar av sinne. «Men–han Per sa det,® grét
stakaren. «Er det sant, Per?» Eg skjemdest so eg kjende
eg vart gloande raud daa eg svara: «Nei!» Det gjekk som
ein skugge yver andlitet hans Nils med same; det var som
drog andlitsdragi seg ihop og storkna. Og graaten stogga
han med ein einaste gong, «Ja so, du vil ljuga i skulen og,
Storlæte: overmort. — Kva som bila: hvad som var i veien.
— Reita: tirre. - Smerande: emmen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>