- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 5. Byutgave /
159

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje vel alle stader i morgon, er eg rædd,» sa han far.
Det var snøskridorne han meinte paa. Og best som me
sat med kveldsmaten vaar, der høyrde me det dunde nede
i dalen. Duren var sterkare og sterkare, so grunnen sistpaa
riste og skalv, — Det var Storeskrida; me kjende henne
paa maalet. So small Juvaskrida laus — ho var no so
kvassmælt, ho - og sidan Breidskrida, og endaa fleire.
Det heldt paa dynja og skaka alt i eitt. Eg vart svevnug,
og smaug i seng. Men dei vaksne vart sitjande uppe. Det
sein ste eg saag og høyrde fyrr eg sovna, var ho mor, som
sat med sahneboki si og soug. Eg vakna ved det at eg
vart riven or sengi og boren av stad. Og daa eg rett sansa
meg, var eg komen aat kjellaren, der han far og ho mor
og huslyden stod halvnakne ikring paa blaute jordgolvet.
Der hadde gjenge ei skrida ned tett vestan garden, — og
ingen kunde vita kva som i næste blinken vilde henda.
Men der var sidan um natti heilt stilt med skridor. Og i
graalysingi gjekk me upp-att i stova. Det saag ille ut paa
bustaden daa dagen var komen. Smidja var stroki sin veg,
govet hadde rive halve fjøstaket av, endaatil ei munaleg
flengja av stovetaket; og nævri for og fluksa og fauk i
vinden burtetter hangar og dekker.

Det leid alt fram-yver dugurd, daa han Kolbein Hagen
kom med bod at Harkahaugen hadde gjenge ut, og at han
Nils, ikkje rettare folk visste, hadde vore heiine. Eg vart,
der eg sat, som naamevalen yver heile kroppen. «Aa du
Nils, du vesle Nils!» Ein eller tvo karar fraa kvar gard
stabba i veg upp-etter, med rekor og grev paa aksleme, —
og eg gjekk med, eg og. Av husi der uppe var ikkje anna
aa sjaa enn einkvar stokken og fjøli som stak upp or
snø-gyrja ned-etter bakkarne. Kararne tok til aa grava der dei
trudde stova hadde stade. Dei naadde nedpaa og, men
fann ingenting anna enn berre tufti. Dei spreidde seg daa,
og gjekk og rota og grov i snøen baade her og kvar. Eg
fylgde tenest-karen vaar, han Salamon, eg. — Best som det
var han stod og støyrde med reka, der vart eg var nede i

Dekker eller dokker: fordypninger. — Naamen eller nomen:
lamslaat. — Reka: skuffel, spade av træ.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:31 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/5/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free