Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gjeva det fraa seg att, for di han som liadde selt landet, aatte det inkje
sjølv. Etter den tid var lian like eins stundom heime (budde paa
Vale-strand, seinare paa Lysoy ved Bergen), stundom i utlandet, mest i
Amerika, der han var gift amlre gongen, og der var han og paa si siste
utanlandsferd i 18S0.
So spurdest det at lian var sjuk, men likevel paa
heimreis. Ofte hadde han vore sjuk, men friskna til att,
og so tidt hadde han vore sagd avliden, at folk seint trudde
paa det. Men denne gongen kom det so underleg.
Nord-mennerne var so vane til hans namn og glans at dei lite
kom i hug at hau skulde døy. Heile folket hadde aatt
han upp imot eit halvt hundrad-aar, og ein kjende seg
trygg paa han.
Men no var han sjuk, og det fall togn og sut yver
folket.
Gjenom den siste maanaden hadde han inkje vore frisk;
men i fyrsten av juli la han til havs i godt venelag.
Heim maatte han, lækjarane meinte og at sjoreisi vilde
gjera godt.
Dei fyrste dagarne tyktest han friskna til. Men so
kom sjøsykja, som han aldri hadde havt fyrr, og gjorde
han veikare.
I Liverpool skulde han kvila ut nokre dagar, so kom
han seg fulla. Men han versna, og det synte seg faarlege
sjukdomsmerke. Dokterane vilde ikkje lata han fara
lenger. Men han meinte han skulde greida seg til Norig. Det
var ingi raad aa leggja imot han korkje der eller i
London.
Daa Ole Bull laurdagen den 24de juli 1880 vart boren
yver skipsbordet i Bergen, og han saag att dei kjære
heime-tufterne, var det som hans kraft og ungdom kom att, og
venerne hans tok ny von.
Fjordbaaten «Ame» vogga han ein mild og god
svevn. Daa han vakna, kom Lysøy fyre augo, hans eigne
berg, hans heim.
Mjuke, kjærlege hender bar han upp fraa baaten, og
hans seug vart reidd i musikkhallen ovanpaa. Hjarta hans
Avliden: død. — Togn: taushet. — Versna eller vesna: bli
værre. — Leggja imot: gjore ind vendinger.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>