- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
14

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

14

før presten kom, gjekk ålmugen inn i kyrkja, og
karane sette seg til med kortspel burt-etter stolane.
Då presten kom, gjekk kortspelet til vanleg på det
likaste. Og inkje gav dei seg med kortspelet då pre-
sten messa for altaret heller — den nye trui var
ikkje noko å høyra på, det var ikkje anten røykjels,
vigselvatn eller latin. Då presten kom på preike-
stolen og tok til å preike, vart ålmugen uroa, ski epla
i kortspelet sitt. Då støytte alle mann heltydnone
sine i kyrkjegolvet og ropte upp til presten: «Tuns-
bergfanten ska” tia still!» Det var ikkje nok med
at ålmugen hadde misst si gamle kjære messe, men
«Tunsbergfanten» — denne skamdjerve luther-
anaren, forkynte ei ny tru og reid seg ut på den
gamle messe og sælebot og alt som var dei dyrt og
kjært og det tilmed frå deira eigen preikestol. Difor
vilde dei ikkje godt som høyra på han.

TINGSTUGU PÅ LEKSVOL

Fyrr tingstugu på Sundre i Ålsgjeld vart bygd, var
det tingstugu på garden Leksvol — eit stykkje nord-
upp for Sundre og Ål kyrkje. Denne tingstugu på
Leksvol står endå, og er truleg den eldste stugu i
heile Hallingdal. Dette er nordre stugu på nordre
Leksvol. Lite grand lenger nede i lien — nærare
ålmannvegen, står det eldgamle Stave-loftet.

Millom mange dokument har eg på garden Helling
funne ei kontrakt på denne stusu frå 1702. Det er
ein Ola Halvorson «boende på Lexvold», som sel
stugu til «Ål og Torpe almuer». Brevet syner ogso
at mannen har selt same stugu på same vilkår med
vedhald o. åa. 32 år fyreåt, altso i 1670. Denne gamle
tingstugu er endå i tolleg god stand (skriv Mehlum
i 1891). Rundt veggine går ein låg pall, treaparten
so høg som ein vanleg benk eller stol. Slike pallar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free