- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
15

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

15

. er med dei eldste sessar i Hallingdal. Eg har ogso
funne dei berre på nokon få stelle: ei stugu i Ton,
Nesgjeld, bygd 1682, på Tune i Ål, bygd 1698. Taket
blir bore av ein sver mønsås og 20 sperr, desse er
etter måten mjåe og går i rett vinkel på mønsåsen,
andre åsar eller takbjelkar er det inkje. Av innbuet
er verd å nemne eit framskåp som ber årstalet 1773.
Det er utskore nokon andlet på skåpet. Både dette
og eit kråskap med same slag måling, har sers traust
jødning. Det store umåla tingbordet som står i stugu
er so tungt og svert at det er ikkje ein manns lyft.

I den nord-vestre kråi står sorenskrivaren si om-
hengseng med salmevers måla på dei ymse felt. Elles
står det ei kiste der med årstalet 1747. Dette innbuet
kan det nok vera er kome der i seinare tid — etter
huset vart teke til våningshus på Leksvol, men bor-
det er tvillaust det gamle tingstugubordet. Stugu
står no øyde og taket er so skralt at ein kan sjå
både sol og himmel gjenom det. Det var å vona at
einkvan privatmann eller lag tok seg av denne stugu.
I ein kleve i huset bur det folk, og der er taket i
god stand. Kleven har truleg vore nytta til lens-
mannsarrest.

MARGITBAKKEN OG KYRKJ gr E
I FØRPO

I Torpo var det ein gong ei gjente som var so
fager og vén at ingen annan gjente kunde mæle seg
med henne i so måte. Ho var ogso ei stø og bra
gjente i alle måtar, og det var fullt upp med ung-
karar som ynskte å få henne til kone og som fridde
til henne. Men ho sa nei til dei alle, for det var ein
ho venta på, som var for bljug til å fria til so ferm
og gild ei gjente. Mange gjentor som vanta friarar,
var svert åbryuge på Margit Skjerping.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free