- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
20

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

20

dane, med Gol kyrkje Hesla og med Hemsedal kyrkje
Skarsøardae Tr NN

SVARTEDAUEN I ÄLSGJELD

Segnet segjer, at i Älsgjeld gjekk dei fri svarte-
dauen. Dette er visst inkje pålitande. Farsotti gra-
’ sera visseleg her som andre stader i Hallingdal.
Då denne grysjelege farsotti kom herjende upp
etter dalen, samla ålsgjeldingane seg, drap ein
sakeslaus ung mann med kniv og la liket tvert over
vegen i soknedelet millom Gol og Ål. Over liket av
denne skuldlause mannen kunde farsotti ikkje
koma, trudde dei.

Men det uskuldige blodet vart hardt hemna. For
til straff for dette har det sea i Älsgjeld hendt so
mange dråp med kniven. Ja, slik AG segnet len-
ger nede i dalen.

BRYNHILD ROPE

Sunnafor elvi ved Gulsvik i Flå ligg no ein plass
som kallast Rope. Fyrr Gulsvikgardane var bygde
låg heile garden her burte og vart kalla Rope —

ikkje Gulsvik. Rope skal ha vore eit stort gods.

som femnde om mest heile Flå sokn. Ein gong
budde ei kvinne på Rope, som heitte Brynhild —
fru Brynhild Rope. Fru Brynhild eigde jordi vidt
og breidt i Flå på dei tider. Ho hadde heimstøl på
Buøyn, kalvehage der Gulsvikgardane no ligg, heile
Sørbygdi utmed Krøderen hadde ho til hestehamn.
Garden Tromald i Sørbygden har namnet av det
at alle hestane hennar Brynhild sprang der so ein
høyrde duren eller trummingi av dei lang leid.
Lenger uppe i Flå hadde Brynhild hamnegang
for kyrne sine haust og vår. Slåtteland har ho vel
ogso havt i desse trakter, her det no, som i Sørbyg-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free