Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
21
den ligg so mange gilde gardar. På Rope syner endå
forer og andre merke etter åkrar, men no er det
tett lauvskog over alt her.
Elles er det godt jordsmon, som ligg lagleg til i
solhelling. Husi låg ogso i gamal tid, då Rope var
storgard, umlag på same stelle som no — eit drygt
stykkje upp for elven. Men soga segjer, at når
hjuringane dreiv kyrne heim um kveldane so vatna
dei nede i elven, og var den fremste kyri uppe ved
fjøsdøri medan den siste drakk, og slik var det kyr
etter kyr tett etter einannan frå elvi til fjøset.
Fru Brynhild hadde eit kapel der ved Gulsvik, der
det vart halde messe. — Ho har altso levd i den
. kristne tidsalder. Staden blir kalla Kapelhaugen
den dag i dag.
Futen Wiel segjer i si «Beskrivelse over Halling-
dal» at det endå til i hans tid stod att tvo stolpar
etter hus der på Kapelhaugen og at det låg att ein
stor stein «der inngonga til kapelet hadde vore.
Inntil for for ein 60 år fyre hans tid vart staden
halde so heilag, at ingen måtte så framum der etter
soleglad. Segni vil vita at Brynhild levde på dei
tider denne fæle farsotti som heiter svartedauen
herja byar og bygder i landet vårt, altso ikring år
1350. Ein ferdamann kom ein gong på dei tider over
bygdene her, og då såg han ikkje røyk frå nokor
peispipe langsmed heile Krøderfjorden frå han
gjekk franum Vassendrud ved Sundvollen til dess
han kom til Brynhild Rope. I Krødsherad skulde
etter dette heile folkesetnaden vera utdøydd.
Det er elles eit spurlag um Brynhild kan ha levt
på desse tider, for gamle skinnbrev syner at mange
av gardane på Gulsvik, Sørbygdi og Flå allereide
var bygde og busette fyre svartedauen. Soleis har
eg sjøl lese eit dokument frå 1325 — altso frå fyre
svartedauen, som syner dette.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>