- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
22

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22

Fru Brynhild Rope køyrde jamt med elg- og
reinsdyr. Med rein køyrde ho frå Oslo til Rope på
ein dag. Ein gong kom ho heim frå Oslo køyrande
med ein elg meste parten av vegen, men elgen
sturta for henne, so ho måtte traske og gå resten
av vegen. Denne elgen hadde ho huglagt slik, at
ho døydde av sorg over å ha mista’n, heiter det.
Ho vart hauglagd på Rope. Gravhaugen syner endå,
segjest det. Brynhild vart hauglagd med mykje
gull, millom anna eit gullkje so svert at det nådde
frå hovudet til stortåi tri gongor. Ho har ogso
fleire gullringar og armbånd av gull på seg.

MEDRAGSJUVET OG BUKKETALGBERGET

Medragsjuvet ligg på mnordsia, Bukketalgberget
på sørsia av Krøderen, som merke millom Krøds-
herad og Hallingdal. Korleis dette delesmerke vart
til fortel segnet:

Ei jyger kom køyrande med ein bukk utover
fjellet ovanfor Lindelii i Flå og Ørjunviki i Krøds-
herad. Men det gjekk so fort, at ho køyrde undan
eine meien på slean sin. Slik vart Medragsjuvet
til. — Øvst uppe er det tvo dalstrok, eit for kvar
mei, men lenger nede skjer dalane seg noko saman,
— det kjem av at den eine meien fer til å losne og
går på skjeive. Lengst nede går dalane ut i ein
jamn fjellskråning.

Jygri vart so vreid for denne ufoldi ho var ute
for, at ho steig av slean, sleit bukken or skjekane
og kasta’n over Krøderfjorden, burt i Millomneset
eller Medalneset, som sea vert kalla Bukketalgber-
get, for talgi av bukken syner tydeleg på berget.
Her er grenseskilet millom Gulsvik i Hallingdal og
Ringnes i Krødsherad. Jygri skulde no til å stampe
og gå ned over. Men jutulen, mannen hennar, hadde

EE

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free