Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
24
i hel — dei hadde ingen ting å leva av, må tru. Dei
skifte arven millom seg og det vart kje stort på
kvar. Den eine fekk ei gryte, den andre ei hakke
og den trea, som heitte Herrik Perrik Nøland, fekk
ei katte. «Gud skje lov at eg fekk hakka, sa den
eldste, for når eg låner henne burt fær eg ein brød-
leiv for lånet».
«Gud skje lov at eg fekk gryta, sa den andre,
for når eg låner henne burt fær eg sakte skrapa
ho for lånet».
«Gud betre meg, eg har inkje, eg», sa Herrik
Perrik Nøland og gret. — <«Tig, tig, det skal vel
bli ei råd for deg med», sa katta hans. Og so gjekk
katta ned til elvi og mjaua.
«Mjau, mjau, mjau — inkje mus og inkje mjølk
på denne sia åi», sa katta og drog seg langs med
elvestrandi. Rett som var kom det ein bjørn
traskande or skogen, og då han høyrde katta ingen
ting hadde og inkje kunde få på denne sia elvi,
tykte han synd i henne og baud seg til å symja
henne over på hi sia. Katta var snøgg som ein
lyneld, hogg ei klo i kvart øyra på bamsen og reid
med han til kongsgarden. Der bad katta um å få
svalle med kongen, og det fekk ho då løyve til. Då
ho kom fram for kongen sa ho: «Herre konge,
han Herrik Perrik Nøland sender deg eit levandes
dyr i dag — um du ikkje vil forsmå det». «Ja vel,
det er saktens gode greier det», sa kongen, han
var takksam for ei slik gåve. No vart katta førd
til bords i kongsgarden. Tenarane hadde lagt duk
på, lagt fram sylvknivar og sett fram god mat —
den beste kongsgarden kunde byde. Men då katta
vel hadde sett seg til bords tulla ho saman duken
med sylvknivane og all den gode maten og för
attende med alt i hop til Herrik Perrik Nøland.
2 |
REE TN
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>