Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
25
Han fekk seg skjorte av kongens bordduk, og so
fekk han seg då gilde sylvknivar.
So luska katta ned til elvi att. «Mjau, mjau,
mjau, inkje mus og inkje mjølk på denne sia åi»,
sa katta og drog seg langs med elvestrandi. —
«Kom til meg, skal eg bera deg over», sa ein røv,
som høyrde kor klent det var for henne på denne
sia av åi. Dermed hogg katta ei klo i kvart øyra
på røven og reid med ham til kongsgarden og bad
um å få svalle med kongen, og det fekk ho.
«Herre konge. Han Herrik Perrik Nøland sender
deg eit levandes dyr i dag, dersom du ikkje vil
forsmå det», sa katta. «Ja vel, det er saktens gode
greier, det», meinte kongen, han vilde ikkje for-
små det.
So vart katta sessa til bords atter i kongsgar-
den, med duk, sylvskeier, sylvknivar og alskens
god mat.
Men ratt katta hadde sett seg til bords tulla ho
i hop duken og all sylvstasen og för heim med til
Herrik Perrik Nøland.
So gjekk katta atter ned til elvi. «Mjau, mjau,
mjau — inkje mus og inkje mjølk på denne sia
av ål»», sa ho. So kom det ein elg traskande or
skogen, «Set deg på ryggen min, skal eg bera deg
over», sa han. Dermed so hogg katta ei klo i kvart
øyra på elgen og reid med han til kongsgarden og
bad om å få svalle med kongen, og dette vart” det
trast råd med. «Herre konge. Han Herrik Perrik
Nøland sender deg eit levandes dyr i dag — um
du ikkje vil forsmå det», sa katta. «Ja vel, det er
nok gode gåvor, det. Det må vera ein mektug mann
denne Herrik Perrik Nøland», segjer kongen. «Ja,
han vil hava dotter di til kone», segjer katta. «Ja
ha, han får koma hit so me får sjå på’n, då»,
svara kongen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>