- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
28

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

28

seg godt tél med å sjå på alt gull og sylv som var
der i berget. Det var saktens mange hestelass med
gull, og sylv var det so mykje av, at det var ikkje
anten tal eller ende på det.

Då det var lide ei stund kom jutulen heim og
vilde inn att, men døri var stengd og katta mjaua
innan for.

«Lat upp, lat upp for meg og mine gyldne lan-
ker!» skreik jutulen. «Tig med deg, skal eg for-
telja deg kor stor naud eg var i før eg kom meg i
brød», sa katta. «Fyrst grov dei meg ned i jordi,
og eg rann upp so lang og smal, so skar dei meg
tvert av og hengde meg upp til turkings».

Lat upp, lat upp for meg og mine gylne lanker!»
skreik jutulen atter. «Huset er mitt og døri er di!»
illskreik han.

«Tig, tig med deg, skal eg fortelja deg kor stor
naud eg var i før eg kom meg i brød», sa katta.
«So tok dei og banka og gneid meg og hadde meg
på eit varmt hus».

«Lat upp, lat upp for meg og mine øyldne lanker.
Huset er mitt og døri er di!» skreik jutulen atter.

«Tig, tig med deg, skal eg fortelja deg kor stor
naud eg var i før eg kom meg i brød», sa katta. —
«So tok dei og skvetta vatn på meg og gjekk på
meg med kne og olbogar, knådde meg og baka meg
flat og brende meg». Med det same katta hadde
sagt dette siste, spratt soli i tindane og jutulen
vart standande i stein. Katta fekk so vidt greidt
med å få skrotten til sides til kongen og kongsdot-
teri kom. Då dei vart var Herrik Perrik Nøland
og alt hans gull og sylv, vart det srumt so det var
reint tå lagje, og brudlaup vart det trast etter.
Sea levde Herrik Perrik Nøland og kongsdotteri
lenge og lukkeleg saman.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free