Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
27
på ein gut som gjætte so mange hestar at dei
skyggde for soli.
«Kven eig alle dessa hestane?» spurde katta.
«Å, det er no jutulen i berget, det», svara guten.
«Å kjære vene, segg at det er hestane hans Herrik
Perrik Nøland, når eit stort herskap no trast kjem
etter, skal du få ein fin sylvkniv av meg», så katta.
«Ja, det kostar no ikkje meir, det», svara guten.
Og so han fekk ein sylvkniv.
Då katta kom eit stykkje veg til, råka ho på ein
gut som gjætte so mange sauer at det skyggde
for soli.
«Kven eig alle desse sauene?» spurde katta. «Å,
det er no jutulen i berget, det», svara guten. «Å
kjære vene, segg at det er sauene hans Herrik
Perrik Nøland, når eit stort herskap trast kjem
etter, skal du få ein fin sylvkniv av meg», sa katta.
«Ja, det kostar no ikkje meir, det», svara guten.
Og so fekk han ein sylvkniv.
Då katta var kome eit stykkje burtetter vegen
att råka ho ein gut som gjætte so mange grisar at
dei skyggde for soli.
«Kven eig alle desse grisane?» spurde katta. —
«Å det er no jutulen i berget, det», svara guten.
«Å kjære vene, segg at det er grisane hans Her-
rik Perrik Nøland, når eit stort herskap no trast
kjem etter, skal du få ein fin sylvkniv av meg»,
sa katta.
«Ja, det kostar no ikkje meir, det», svara guten.
Og so fekk han ein sylvkniv.
Då no kongen kom etter med dotter si og fekk
sjå alle desse kalvane, kyrne, hestane, sauene og
grisane hans Herrik Perrik Nøland, sa han til dot-
teri: «Ja, du blir best gift av alle døtterne mine».
Då katta kom fram til jutulen i berget, var han
ute eit erend. Men katta fekk låst seg inn og gav
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>