Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
32
ved kyrkja. Heltydno vart sett att ute i kyrkje-
svalen og det var svært til ståk når messa var ute,
til kvar ein hadde funne att si heltydne. At halling-
dølene gjekk i støvlar laga av ubarka huder, gjorde
ikkje bråket mindre, tvert i mot, det rikta, skreik
og skramla i dette slags fottyet. Det var heller
ikkje støtt dei gamle hellebarder tagde der ute i
svalgangen.
I langsameleg tid hadde prestane ivra for å få
slutt på dette, at hallingdølene kom til kyrkja med
krigsvåpen. Det var ogso skrivi til styresmaktine
og klaga på dette, men like lite hadde dette hjelpt,
og like nær var ein. Hallingdølene heldt på sine
heltydno og gjekk på kyrkjeveg med våpnet like
fripostig som dei gjekk til støls og elles over alt.
Heltydno hadde dei med so snart dei ferdast burte
frå husi heime på garden. Ein eller annan kunde
jo finne på å rispe han litt med kniven og korleis
skulde han slå frå seg dersom han ikkje hadde
heltydno?
Til slutt kom det kongebod um at alle som hadde
heltydno skulde fli desse frå seg til futen. Det var
futen Lars som hadde eit slikt møte med ålmugen
på tinget i Äl (anten det var Lars Tønder eller
Lars Mikkelsen, veit eg ikkje so visst, dei var futar
i embettet etter einannan i Hallingdal umlag på
denne tid).
Bjørn Leksvol var ein stor, før mann i Ål. I den
stugu bøndane samlast fyre tinget vart sett, trak-
terte Bjørn alle med øl, og ølbollen gjekk tidt rundt
der i stugun.
Bjørn rådde bøndane til å neitta å gjeva frå seg
heltydno, soframt futen kom med krav um det.
Det bar no burt på tingstugu med bøndane. Futen
reiste seg ved bordet og sa fram kongen sitt påbod
til bøndane i Ålsgjeld, at dei skulde levere frå seg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>