- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
33

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

33

sine heltydnor. Dersom det kom til å gjelde lands-
forsvaret skulde dei få att våpni, sa futen. Bjørn
Leksvol steig fram då futen hadde sett seg og sa,
at bøndane nektar å levere frå seg våpni sine.
Futen reiste seg atter og sa det var i kongens namn
han stod her og det var ikkje naudsynleg å ha
våpen. Heltydno tente no berre til å skiple kyrkje-
freden, og når ålmugen kom ut or kyrkja var det
jamt slagsmål med heltydno og kniv. Dette vilde
kongen ha slutt på.

Då spratt Bjørn Leksvol upp og ropte: «Dersom
du ikkje no tegjer still, skal mitt kvasse stål merkje
deg, so du lenge skal minnast du har vore på tinget
i Ål. Er det ikkje so, bygdemenn?>» sa han og
sprang fram mot futen med lyfta heltydno. «Jau,
jau», ropte ålingane som ein mann og lyfta sine
heltydno, dei med.

Futen Lars vart so redd at han var mest frå
samling og sans. Han kom seg ut or tingstugu og
sprang som for livet til soknepresten i Ål, hr. Ole
som budde eit stykkje nedanfor, i Ner-Äl tett ved
kyrkja, og var vidkjend for sine kjempekrefter.
Futen var so reint frå seg då han kom til presten,
at hr. Ole trudde han var vorten sjuk. Litt um
senn fekk han spurt futen ut, slik at han fekk tak
i samanhengen. Presten gjekk då burt-etter vegen
og vilde åt tingstugu og tala med folket. Då han
kom burt-over eit stykkje hadde bøndene samla
seg på vegen ved Sundre. Presten bad dei lystre
kongebodet og fli frå seg heltydno sine. Til dette
svara bøndene ja, og sa at det allstøtt hadde tent
dei tilgode det presten hadde rådt dei til. Men
Bjørn Leksvol vilde inkje fli frå seg si heltydno
og sprang mot hr. Ole med lyfta øks. Presten greip
fatt i skaftet og so vreid dei i stund, til Bjørn
måtte sleppe taket og presten stod att med hel-

3 — Hallingdal og Hallingen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free