Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
43
HELESTRANDINGANE
Helestrandi ligg ved fjellvatnet Helen, i nærlei-
ken av Grunkefjell, nord for Løkjun. I gamle dagar
var det ei heil bygd her og minst 12 bøndar.
Helestrandbøndane var velstandsfolk alle saman.
Kvar joledag køyrde dei 12 Helestrand-bøndane til
kyrkja i Valdres. Dei hadde ein liten sylvring festa
til kvart saum i hesteskorne. Dette vart i alt 240
sylvringar som song 0g ringla då dei køyrde på
isen, og valdrisane stod reint undrande i vegkan-
ten når helestrandbøndane för framum.
Elles ferdast helestrandbøndane like mykje i
Hallingdal som i Valdres. Helestrandi ligg um lag
på grenseskilet millom Vang i Valdres og Hemsedal
i Hallingdal.
GODKNIV OG STÅLE
Godkniv og Ståle var tvo kjempekarar som levde
i Nesgjeld i gamle dager — for tvo-tri hundra år
sea.
I fjelli aust for Ton hadde dei ei hytte og budde
soleis langt frå folk. Båe var vidgjetne for her-
verki sine og folk i bygdene var redde dei, for dei
bar seg kje åt som kristna kjempekarar, men verre
enn dei verste røvarar i heidensk forntid.
Ein klant i nærleiken der dei budde heiter endå
den dag i dag Godkniv-natten. Her heldt dei seg
for det meste um vetrane, um sumrane var dei
nede i Hallingdalsbygdene og dreiv som smedar.
Men jamt når dei fekk høve til det røvå dei og drap
dei vegfarande folk.
På dei tider desse kjempone var på det beste,
vaks det upp ein mann på Ton i Nesgjeld. Han vart
sea kalla To-kjempa.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>