- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
44

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1

Allereide i uppvokstren hans tok desse tvo ill-
gjerningsmennane til å få reddugje for han, og då
han var i fire og tjue års alderen gjekk dei helst
av vegen for han. Ein gong då To-kjempa enno
var ein umagje å rekne for, låg han og grannen
nede ved Bekkjevollane på fisking um hausten. Der
nede ved elvi hadde dei ei hytte med tri veggjer.
Utanfor hytta hadde dei eit skur, og her brende
dei bål heile natti. Fiskarane sette ut garni um
kvelden. Sea gjekk dei upp i hytta og åt kvelds-
verd, vermde seg ved bålet og la seg til å sova. To-
kjempa sov fast og trygt, men han andre fekk
inkje blund på augo, og vekte To-kjempa. Båe
gjekk ut og burt-under eit par tettgreinte grantre,
for dei var ikkje trygge for at Godkniv og Ståle
kunde vere på ferde. Det var sagt i bygdene at dei
hadde eit godt auga til den sterke guten i Ton.

Dei hadde ikkje stade langt belet under grantrei
før Godkniv og Ståle kom luskande fram til hytta,
stilt som kattar för dei. Fiskarane fornam ingen
ting før dei sneik seg framum bålet.

«Me får vente», sa den eine, då dei ikkje fann
folk i hytta. «Dei er vel ute og greier med fiske-
garni, men me skal nok passe etter dei».

Dette høyrde To-kjempa og grannen og so gjekk
dei heim att, og brydde seg ikkje meir um fisking
denne natti. To-kjempa hadde lite hug til å binde
ann med eller takast med ukjurone i utrengsmål. Og
dei på si side hadde ikkje hug til å prøve krefter
med Toingen eller gå på han, dersom det ikkje
kunde høve med eit løynsk overfall.

Mange år seinare var det sett stemne millom dei
og den fredelege To-kjempa på Nystølen — stølen
under Ton. Det skulde gjerast samband millom
deim, so ingen skulde ta på den andre, kva det
so galdt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free