- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
47

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AT

grunda, men han kunde ikkje finne nokon utveg,
og so laut han la det fara med so gjort, og fekk
ikkje hemna seg på uvenen sin.

Den svere steinen ligg enno i Tonsmarki, og sann-
sagde folk fortel at steinen vender seg kvar gong
han høyrer kyrkjeklokkone i Nes.

Det skal vera sant det med.

TUFTEKALLEN OG STOREVELTÉN

Storeveltén, som budde ved Rotnheim i Gol, og
ein til var ein haust til arbeids på ein støl på vest-
åsen. Fram på kvelden, då arbeidet var slutt for
dagen, låg Storeveltén på ein krakk framfyre pei-
sen og såg til med ei potetgryte han hadde hengt
på over eldsmælet. Han andre låg burt i sengi.
Rett som det var sprang døri upp. Veltén reiste
seg arg, so han banna, og let att døri. Og so la
han seg på krakken til å kvile att. Men ikkje før
hadde Veltén lagt seg att so sprang døri upp atter
og inn kom ein liten tuftekall i rau toppluve. Han
spratt og dansa burt-etter golvet, lo og sa: «Hopp,
hopp, — her æ guten som sulla se sjøl, her!» Der-
med hoppa han ut gjenom hurde att og skratta og
lo. Men Veltén vart med det same hivd av krak-
ken og lukt burt i sengebardet, so det berre sukka
i ”n. Og dette endå det er visst, at inkje anten
tuftekallen eller nokon annan godt som hadde
teke in.

Hurde: — døri.

HÅVARD HAUGEN

Håvard Haugen i Gol sat ei natt i kvernhuset
ovanfor Haga. Ut på natti kom det ein tuftekall

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free