- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
48

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48

i rau toppluve inn til han. «Du mæl, du», sa han
til Håvard. «Ja, eg gjer so», svara Håvard. Tufte-
kallen tok ei klype mjøl, tømde i hi handi Si, såg
på det og sa: «Du fær fint mjøl, du». «A ja». Der-
med vart tuftekallen røykjeleg burte gjenom eit
hol i golvet.

Sumaren etter för Håvard Haugen med ei kløv
til støls. På vegen møtte han ei haugakjæring med
ein tult på ryggen. Hesten vart redd denne kjær-
ringi og sette til ut or vegen og burt i tjukke sko-
gen, so han reiv kløvi mest av seg. Håvard vart
sinna på hesten for dette, för etter, og banka på
hesten då han nådde i han. «Du skal misse hesten
din, når du misshandlar han slik», ropte kjæringi.

Håvard heldt fram burt-etter stølsvegen utan å
ense kjeringi. — Eit stykkje lenger inne på åsen
møtte han tuftekallen, som hadde vore på gjesting
hjå han i kvernhuset. — Han kom sprettandes
fram frå ei granbuske. «Møtte du ho mor?» spurde
han. «Ja, ha», svara Håvard. «Sa ho, du skulde
misse hesten din?» «Ja, ha». — «No skal eg segja
deg kva du skal gjera so du ikkje misser ”n. —
Når ”n blir sjuk skal du setja tvo stemmenålir
(stoppenålir) millom augo på ”n».

På ei ferd nede i Flå vart hesten hans Håvard
sjuk. Han velta seg på ryggen og fraui valt or
kjeften på ”n.

Men Håvard gjekk inn på Vik og lånte tvo stem-
menålir, som han sette millom augo på hesten, og
då reis ’n trast upp og skok og riste seg. Og so
var han like frisk og tidig som han hadde vore.

GUTEN I SVARTEBRØTA

Ovanfor Svartebrøta i Gol er det ein haug, og
før i ti’n heldt det til haugafolk der.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free