Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
70
KVITORM
Dersom ein finn kvitorm og kokar og ét blir ein
vis. Ein gong hadde ei kone funne ein slik kvitorm
og gøymt han. Då ho var på vitjing hjå nokon vener
hadde sonen hennar funne kvitormen, kokt han og
drukke søet. Då kona kom heim att fortalde han
henne om alt ho hadde fått burte, som sant var.
Sø — avkok, kraft, låg.
GUTEN OG KRÅKA
Kråka sat på garstaur
hakka ende ne
ropte ette” navare.
Guten: Ko vil du me” navare’? Kråka: Bara ein
slea. G: Ko vil du me” slea? K. Køyre för. G: Ko
vil du med före? K: Gjeva kyr’n. G: Ko vil du
me kyr’n? K: Mjølke mjølk. G: Ko vil du me
mjølki? K: Yste ost. G: Ko vil du me oste? K:
Gjeva preste” som syng so vent i målakjyrkjun vår.
BJØRNEN
Bjørnen ligg i ro um vinteren og haugafolket
kjem til han med mjølkeringjor og blodringjor kvar
dagen, elles kunde han vel ikkje leva, han heller,
må tru.
Bjørnen er innholen, difor kan ein jamt ikkje
sjå han. Dette er grunnen til at jegarar ikkje all-
støtt finn bjørnen, endå dei har fåret etter ”n.
Bjørnen har tolv manns styrkje og ti manns vet.
Bjørnen veit, at dersom han kunde få tak i eit
foster or mors liv, vilde han få evne til å svalle.
Difor er han so sli etter fremmelege kjæringar.
-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>