- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
71

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

71

På ein støl vart ei kjæring som gjekk med barn
ille ute. Bjørnen vilde plent inn i stølsbui til henne.
Men kjæringi fekk stengd so godt att hurdi at
han kom ikkje inn den vegen. Då kleiv bjørnen
uppå taket og vilde ned gjenom ljoren. Men ljoren
var for trong. Då tok bjørnen til å flette upp og
rive av taket so han fekk ljoreholet - større.

Dette tok til å sjå spøkje ut, men kjæringi var
ikkje rådlaus: Ho batt never på ein lang stav, tende
på og rak staven upp gjenom ljoreholet, slik at det
straks fata i bjørnepelsen. Då brumma bjørnen og
la på sprang.

Ein annan bjørn kom ein gong til støls i same
erend. Kjæringi visste seg ingi annan råd enn å
taka rummeambaren og leggja til sprangs ined.
Bjørnen sette etter. Men so tømde kjæringi ned
rumme etter vegen og bjørnen tok til å sleikja i
seg rumme, so fin kost hadde han nok ikkje smaka
fyrr, og so kom kjæringi seg undan. Ho hengde
stakken på ei buske ved vegen og sprang avgarde
heim. Bjørnen gleinte burt på stakken og sleikte
rumme, nam nam, dette smakte godt, og der stod
no kjæringi, han hadde god tid, trudde han. Men
då han hadde snugga i seg rummen og vilde ta
kjæringi, var det jo berre stakken! Han var so
sinna at han reiv upp buska med roti og sette
til skogs.

Sli etter — vill, galen etter.
Fremmeleg — omhende, «fruktsommeleg».
Flette upp — rive upp.

RAKSTEINDALSLATTEN

Åse Rime i Älsgjeld, som levde for 70 år sea,
buførde til fjellstølen Raksteindalen um våren.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free