- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
75

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

15

bangne var dei for presten og han fekk soleis ikkje
papiret igjen. Og han sakna det ikkje heller. For
det hadde alltid lagst noko til tekst dersom han
kunde fått ein tanke for seg, men det var just det
han ikkje fekk. Han lutte seg søvndrukken fram
over preikestolen og so sa han: «Jeg er fuld —
jeg er fuld — jeg er fuld — — og kongen er fuld.
Jeg er fuld og kongen er fuld — —» Ein kan då
veta at kongen vart sinna for slikt, og so tok han
til å flytja på stolen sin og til å skrapa med stø-
velhelane i golvet. Og so full presten var, skyna
han dette, og redsla tok han. Og når den motige
blir redd, blir han det til gagns. Redsla for å få
avskil, og det ålvor og ansvar han stod over for
som på ein vendebakke på livsvegen, gjorde honom
edrug med eitt. Han vaks upp til ein mann der på
stolen, samla tankane sine og tok si tekst, som han
ikkje gjekk langt etter. Og so tok han til slik:

«Jeg er fuld og kongen er fuld. Jeg er fuld af
synd og elendighed og kongen er fuld af nåde og
* barmhjertighed». Og so heldt han fram i sus og
brus, det eine ordet tok det andre, den eine tanken
slo den andre, tanke og tale strøymde som elv i
flaum snart som stille flytande vatn, snart som
fossefall, over konge og kyrkjelyd.

Han steig i ord og tankar upp til ein annan konge,
som er større enn alle jorderiks kongar i hop, og
so godt preika han denne gongen, at kvar ein sjæl
som i kyrkja var — kongen med — gret som dei
skulde ha vore piska med bjørkeris.

Men frå denne dagen vart presten ein annan
mann. Han hadde drukke sin siste dram og ingen
fekk han til å smaka ein tår meir. Og han vart
ogso ein annan prest. Han preika um Guds nåde
og miskunn so det gjekk ord um han over land
og rike og folk kom langveges frå for å høyre han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free