Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
76
Han skildra alle so dei kjende seg, og han skildra
den rettferdige og allkjærlege Gud slik at alle
trengde til han.
Hans ord gjekk som ein vind over land og strand.
Og kongen fekk honom kjærare enn før, for den-
ne kongen var ein god og gudfryktig mann.
SJUGURD UL’N
Sjugurd Ul’n i Mogrendi i Hol var 95 år gamal
då han døydde. Han var so frisk og sterk heilt til
det siste at tilmed trast før han døydde var han
på tømmerhogst burt på åsen sunna Ustedøla.
Sjugurd hadde vore ein uvanleg uthaldug og sterk
mann. Ein gong bar han ei av desse svere plogge-
kisto, som er so store som eit lite hus, over fjellet
frå Ustedalen til Hardanger.
Ein annan gong kom han og ein annan handels-
kar ut for eit svert uvér uppe på Hardangervidda.
Sjugurd berga felagen sin med det at han stappa
klædi hans full med ull — dei hadde bytta til seg
ull mot kram dei gjekk med — og 8o grov han
felagen sin ned i snøen. Sjøl greidde han seg på den
visi at han skarka og bar på stein heile natti, slik
at han heldt seg varm og vaken til uveret gav seg
og dagen rann.
Skarka — drog, slepa.
DRAUMEGRAS ELLER å SOVA PÅ STEIN
Fyrr i tidi brukte dei mykje å sova på «draume-
gras» for å få veta kven ein skulde ha — det er
ein forvitneleg kunnskap.
Ein leitte upp ein fem- eller helst seks-kløver og
la under hovudputa i ei seng der ein ikkje hadde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>