- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
83

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

83

fleire sterke karar som banka hardt på døri. Dette
var røvarane. Dei braut seg inn og presten fekk
eit sår som han bar ar etter all sin dag. Men just
som røvarane hadde såra presten fjetra dauingen
dei so dei inkje kunde røra seg. Dei vart tekne av
dage og attergangaren vart gravlagd på kyrkje-
garden.

BANKKISTA I HOL

Hol formannskap har fått som gåve ei sver kiste
hjå fabrikeigar Michelet, Kristiania. Kista har hit-
til vore pengekiste i Noregs Bank, og ho står no
hjå ordføraren i Hol, Lars Hammersbøen. Denne
kista skal ha stade seg for meistertjuven Ole Høi-
land. Låsen er ovanpå låket og godt gøymt med
jernbeslag. På den vanlege plassen for lykjelholet
er det eit blindlås, som Ole Høiland hadde smidd
lykjel til, men han fekk sjølsagt ikkje kista upp
for det. Kista er uvanleg vent og sterkt jernslegen.

KYRKJA I HOL

Kyrkja i Hol var den yngste av dei gamle kyrkjo-
ne i Hallingdal, og er no den einaste som blir nytta
til gudstenestor. Äl, Hemsedal, Nes og Flå-kyrkjo-
ne er rivne. Torpo kyrkje står att, men blir ikkje
lenger nytta til gudstenestor og Gol-kyrkja er flytta
til Bygdøy ved Oslo.

Mangt talar for at Hol-kyrkja er bygd fyrst
kring 1500-års skiftet. Fyre denne tid sokna holve-
ringane til eit kapel som stod på Hovdegard i Vats.
På desse tider var det truleg ikkje so mange som
hadde sett seg ned i Hol, dei fleste budde elles i
Hole og kan henda i Høve og der er det ikkje langt
over til Vats. Det er truleg, at Hol til liks med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free