- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
84

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

84

Hemsedal, Leveld og Vats var bygt allereide i
sagatidi. Det går truverdige segn um at det var
stor folkesetnad i Hemsedal og Leveld fyre svarte-
dauen i 1849—50, men at alt låg audt og daudt her
ei tid etter.

So skralt det var med vegar og framkomstmidlar
på desse tider er det rimeleg, at dei som levde att
etter at farsotti hadde herja bygdene, heller flutte
ned etter dalen og tok i bruk øyde gardar der.

Hol-kyrkja vart fyrst bygd i Kjyrudalen — ein
plass under garden Søndrol eller Sønderål. Tufti
syner endå. Staden har før truleg vore kalla Kyrkje-
dalen. Lite grand ned for kyrkjetufti er det ein
åker som kallast for Kyrkjeåkeren. Tett attmed
er det ogso ei kjelde som kallast for Prestkjelda.
Ei tid etter kyrkja var bygd tok ei snøskreda og
sopte ho på Holsfjorden. No vart kyrkja sett upp
att på Tingvollane synst ved Holsfjorden, men
ikkje lenge etter vart kyrkja teke av ei ny snø-
skrede og sopt på fjorden. Segni segjer at det var
ikkje kyrkjegard i Hol anten då kyrkja stod i
Kjyrudalen eller Tingvollane, men at holveringane
på dei tider grov dei som døydde på kyrkjegarden
i Vats.

Då kyrkja skulde byggjast upp att samlast folk
frå dei ymse bygdene til rådlegging. Kvisli var no
bygd og kvislingane vilde ha kyrkja ved Haga.
Kvislingane hadde på denne tid stølane sine i Lio
og Ustedalen, Høvveringane hadde ogso stølane
sine i Ustedalen — Skurdalen og Sudndalen var
framleis villmarkir — og då folkesetnaden denne
tidi truleg var større i Høve enn i Kvisli vart det
gjort vedtak um at kyrkja skulde stå i Nerolsviken
ved øvre enden av Holsfjorden. Her la ogso arbeids-
folki att ambodi um kvelden. Men då dei kom og
skulde taka til att med arbeidet på tufti morgonen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free