- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
89

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

89

TON I NESGJELD

På To’n i Nesgjeld sit ei gamal ætt. 10—11 ætt-
ledar — son etter far har site på garden etter
kvarandre og alle har heitt Ola Olson. Det står
ei gamal stugu på To’n. På ein stokk i gangen er
innhogd årstalet 1688. Men dette årstalet er truleg
sett på då inngangsdøri til gangen vart flytta frå
langveggen til tverrveggen. Bygget ser ut til å vera
eldre. Stugu er innreidd som ei hallingstugu frå
forntidi, soleis er det ein lang benk rundt stugu,
denne benken ligg heilt nede på grunnmuren og
dette tyder på at bygnaden høyrer forntidi til.

Soga segjer at tømmeret i stugu er hogd nede på
jordet ned for stugu, og her er svert bratt. I taket
er berre ein ås — møningsåsen, som er 16 alnir
lang og 20 tumar tjukk. Ein Ola Olson bar denne
stokken på aksli upp dei bratte bakkane. Då han
kasta han ned ved tømra, sa han: «Au, du var tung,
du!» Tømmeret i veggine er endå sverare enn
møningsåsen. Midt over stugu ligg det, som vanleg
i hallingstugu, ein tverrstokk frå vegg til vegg,
som kallast kruna. I denne kruna i Ton er det
mange hogg etter heltydnor eller handøks. Desse
innhogg kallast for brurahogg. Det var vanleg i
Hallingdal i gamal tid, når brudefylgjet var kome
frå kyrkja og sat ved brudlaupsbordet, at kjempe-
karane i laget reiste seg og drakk ut ein stor
ølbolle eller trøys til ære for bruri, og jamt gav.
dei ein eller annan lovnad ved eit slikt høve. Og
når skåli var tømd og lovnaden gjeven greip han
etter heltydno og «blesa kruna» (gjorde, med spen-
ning av alle krefter, eit hogg i kruna). Dette kal-
last brurehogg og skulde stå der som stadfesting
av lovnaden. I kruna i To’n er det mange slike —
brurehogg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free