- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
90

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

90

Ein gong budde det ei vidgjeten kjempe her, som
kallast To-kjempa.

Samstundes budde det ein kjempekar på Gud-
brandsrud i Rukkedalen — Gudbrandsrudkjempa.
Desse karane var sjågrannar, d. v. s. gardane låg
nok langt unda einannan, men elles slik at dei kunde
sjå til kvarandre. Og det å vera sjågrannar var i
gamal tid mest like srumt som å vera systkinbarn,
og sjågrannar bad kvarandre jamt til gjestebods.

Sjågrannane i To’n og Gudbrandsrud var go0d-
vener og vitja jamt kvarandre. Ei jolehelg var Gud-
brandsrud’n i gjestebod hjå To-kjempa; dei drakk
mykje og sterkt øl — brennevin var truleg ikkje
vanleg vare i dei dagar. I fylla vart kjempekarane
usams og gjekk på kvarandre med heltydno.

To-kjempa hogde best frå seg, og Gudbrandsrud’n
smatt til ut i kleven. Med det"same han för på
døri var To-kjempa etter han med heltydno atter,
men han heldt for høgt og hogget fall i stokke-
faret over døri. Det vart eit djupt hogg, som syner
enno. Han Ole To’n som sit på garden no, har rettig
nok laga um denne kleven noko og saga ut denne
stokken for å få inn ei høgare dør, men han har
teke vare på stokken, og hogget syner, som sagt.

Ein gong rauk dei i unåde att, desse kjempone,
ved Neskyrkja, då kyrkjelyden var samla i kyrkje-
stugun etter messa. Gudbrandsrudkjempa måtte
undan og kom seg uppå ramen — eit halvloft over
bjelkestugu, men endå hogg To-ingen etter føtene
hans der uppe på ramen. -

Og so held Mehlum fram (side 86 i «Hallingdal
og Hallingen».):

«Jeg glemmer aldrig det stærke Indtryk, dé før-
ste Ugers Ophold i Hallingdal gjorde paa mig.
Sproget med sit stærke Oldtidspræg, Husenes Ind-
redning som senere bliver skildret, det at blive

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free