- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
93

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

95

å vøle um børsa no i våronni — han fær koma att
seinare. Men Påverud’n gjev seg ikkje på det, han
må ha børsa sett istand straks. «Ja, då får du
pløgja for meg», segjer Toingen. «Det veks ikkje
noko etter det eg pløjer», segjer Påverud’n. Men
det vart då til det at Påverud’n pløgde mea Toin-
gen gjekk i smia for å vøle børsa. Um hausten
synte det seg at det vaks mest ingen ting der Påve-
rud’n hadde pløgt.

Børsa vart sett istand og dagen etter skaut Påve-
rud’n seg tett ovanfor garden heime, det var til
dette han vilde ha børsa istandsett. Blodet syner
enno på ein stein der.

EIRIK LØSTEGARD

I gamle dagar var det skikk og bruk i Halling-
dal å gi både hestar og andre krøter av joleølet.
Ein jolekveld skulde Eirik Løstegard i Gol gå burt
i stallen med ei ølskål til hestane sine. Han var
komen so midt på tunet, so kom joleskreii ramlande
og skramlande med lått og bjøllesingling ned frå
åsen, framum Veslekleivi og garden Magnetun. Og
før Eirik visste av det var skreii der i tunet og han
vart teken og sett uppå hesteryggen, og avstad bar
det so fort og villt som ein vind.

Men nedanfor garden Ro fekk Eirik ein tankje
for seg og drog upp tolekniven or sliri. Då vart
han brått kasta av, for stål toler dei ikkje, dei
folki som her var på ferd.

Joleskreii hadde sin visse farveg over ved Magne-
tun jolekvelden. Asle Mykleset både såg og høyrde
skreii just som han gjekk gjenom garden der på
Magnetun ein jolekveld, og hadde han ikkje vore
so svint til å få upp tolekniven, var han so sant
vorte med som han heitte Asle Mykleset, fortalde
han sea.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free