- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
94

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

94

GAMLE-BERG’N OG GAMLE-JULSON

Garden Berg i Åsgardane i Gol er ingen gamal
gard. Der var ein fatig, farlaus husmannsgut.
Mori spann og spara so det var ikkje meir enn livet
hang i dei, men dei heldt trufast saman. Ein gong
fekk guten eit par halvsokkar hjå mor si. Han
åtte seks skilling, og desse skulde mor hans ha for
halvsokkane, so var viljen hans, men mori vilde
ingen betaling ha. Då øret både mor og son, for
midt i armodi vilde dei kvarandre so vel.

Då guten vaks til tok han ut på tømmerhogst.
Han var sterk og stor og tente godt. Men mori
døydde. Han vart ein fri og einsleg kar og ved
helgeleite drakk han jamt upp det han hadde tent
heile vika. Slik gjekk det ei tid. Men so gjekk det
upp for han det meiningslause i dette. Han slutta
tvert med å drikke og sette all sin vilje inn på å
koma seg fram med traust arbeid og sparing. Han
kjøpte seg ein plass i Äsgardane, ei tid etter endå
ein plass tett attmed og som tidi leid endå eit par
plassar i ein krull. Alle desse fire plassane arbeid-
de han upp til ein stor gard, og garden kalla han
Berg. Det er umlag 100 år sea. Han vart kalla
Gamle-Berg”n. Han var oldefar til mannen som no
eig Berg. Det var ein Skogteig til plassane. Men
Gamle-Berg’n kjøpte attåt for ein spottpris tri
store skogteigar, so no ligg det meir skog til Berg
enn til dei fleste andre gardar i Hallingdal. Og uppe
på fjellet slo han og grannen hans — gamle Julson
i Espedokken under seg store vidotter, for det var
både styrken og umtanken det galdt um den tid.

Både Berg’n og Julson hadde fordrukne folk i
arbeid, slike som ingen andre vilde hava, dei braut
nyland, sette upp steingjerde og åverka i skogen.
Brennevin og juling fekk dei nok av, men betalingi

pr id DE

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free