- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
98

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

98
TOLLEIV RESO

For ein 70 års tid sea var Reso ein gard i Nord-
bygden i Hemsedal, men so vart han lagd under
garden Purkestad. Difor er det ikkje mange som
kjenner til namnet Reso. Den siste mannen som bud-
de på Reso heitte Tolleiv og han døydde som kårmann
på Purkestad for umlag 50 år sea.

Tolleiv var ein gong på Reso-heimstølen ovanfor
garden Venåsen, der låg han i stølsbui og spela på
munnhorpe um kvelden. Og so visste han ikkje
ordet av før det kom ei heil horg med haugafolk
inn i bui til han og tok til å danse. Og so var det
ei haugagjente som hadde so lang rove at ho slong
både hit og dit då gjenta svinga seg og dansa. «Nei,
sjå den lange rova!» sa Tolleiv. «Stikk ein syl gje-
nom døsi mi!», bad huldregjenta. Tolleiv so gjorde
og med det same datt rova av. Men Tolleiv vart
ille ute for gjenta, han. Ho vilde inkje gå att då
alle hine var farne sin veg. Han måtte lesa alt det
han kunde før han vart kvitt henne.

GURI ÅSEN

Guri Åsen var ei eldre, velstå-ande enke i Flå og
ho hadde stort livaure. Tore Reiarsgard, i same
bygdi, var ein ung, vakker gut, men han åtte ingen
verdsens ting. Når Tore kom til Åsen vart Guri
smeltande blid og visste ikkje til seg kor godt ho
skulde stelle for guten. Tore skyna godt sinnesla-
get til enka, men han tenkte meir på midelen og
livauren enn på Guri. — «Det er godt og vondt i
alle land», tenkte han. Han kunde ikkje vente å
springe upp i smøret med støvlane på utan at det
ogso vart ein kross å bera. Han kunde bli ein halden
mann med ein gong berre med å ta eit steg. Og
han tok steget og fridde. Guri svara trast ja, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free