Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
97
ei dør står årstalet 1755, men på dørhella utanfor
står eit årstal som er eldre. Stugu elles er innven-
dig plent som det kjende bilæte av Tidemand: «De
ensomme gamle». Mor til eigaren av garden no —
Anders Gulsvik er den eine av «De ensomme gam-
le» — mannen var død då Tidemand var der, man-
nen på bilætet er ein gamal husmann. Det er ikkje
tvilsmål um at dei er like seg. Tidemand måla ogso
gamlekona på Gulsvik i Flåverings brudebunad,
med sylvkrune på hovudet.
På garden står ogso eit gamalt loft med rea eller
svalgang og tvo like so gamle stolphus.
HAUGTEKEN
Ei gjente frå Hustad i Hemsedal hadde eit lau-
singbarn — ein liten gut. Ein haustdag gjekk ho
og rispla lauv uppe i Hustadhagen og småguten
rusla for seg sjøl der i nærleiken. Men rett som
det var vart guten stums burte, ho såg ikkje meir
til han alt ho ropa og leita, til slutt tok gråten
henne og ho la til sprangs og fekk med folk i grendi
til å leite, men guten var og vart burte. Og dei
visste seg ingi annan råd enn å låne kyrkjeklok-
kone, som dei ringde med der uppe i åsen. Etter
dei hadde ringt med kyrkjeklokkone og leita i tvo
netar og tvo dagar fann dei guten. Han fortalde
då at han hadde vore hjå snille folk, som hadde
gjeve honom suppemat og søt mjølk — so mykje
han vilde hava. Han hadde set brandute kyr og
store, gule kornåkrar — meir visste han ikkje å
fortelja, for han var so liten. Men so mykje skyna
no alle at det var ingen annan stad enn hjå hauga-
folki han hadde vore. Då ljomen av kyrkjeklokkone
slo so sterkt like inn på husveggine deira måtte
dei sleppe barnet ut att.
Le å
7 — Hallingdal og Hallingen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>