Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
104
Dokken og fortalde: «FE har hatt slikt plår mæ
undekvitilen — e tok tå øvst uppe o skjøytte på
nest nede, han vart for stutt». Synnøv gjorde altso
som kjæringi i eventyret, berre med den skilnaden
at Synnøv verkeleg gjorde det.
Plår — strev.
MERRI PÅ TAKET
Hallingdølene kaller folk frå Bergenhus stift for
«nordmenn» (tyngdi lagt på fyrste stavingi) og
desse, vestlendingane, kallar hallingane for «aust-
menn».
Ein «nordmann» — altso ein vestlending, hadde
ein gong kjøpt ei kvit merr i Nesgjeld og denne
för han upp over dalen med. Vegen gjekk på desse
tider gjenom Golsreppen — vegane krøkte seg
uppum kvar grend og gard i gamle dagar. — Medan
mannen var inne på Eidsgard og kjøpte seg mat,
fann nokon golingar på å kola denne kvite
merri hans svart som bek og heisa ho so uppå
stolphustaket i Lagmannsgard. Då «nordmannen
kom ut att kunde han ikkje finne att merri si nokon
stad. Galgane synte han den svarte merri på taket,
men han kjende ikkje denne som si — «Merre mi
var kvit, denne er svart», sa han. Då golingane
hadde erta han eit bel, sa dei som det var til, og
han fekk merri si att.
TOSTEIN JUVEN
Tostein Juven i Hemsedal var ein gamal mann
som gjekk kringum i bygdene og bad sitt brød.
Tostein hadde det med å forsvalle seg, og det er
mange herme etter han.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>