Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
112
«Hadde du ikke været den kar du er, hadde nok
ditt hode danset», sa sorenskrivaren til Herbrand
under forhøret.
PÅSKESKIKK I FIA
I gamle dagar hadde dei for vis, flåveringane, å
samle 9 slags ved og legge på åren påskeftdag og
over alt dette skulde dei strøye litt laust krut. Når
dei so påskedags morgon skulde «nøre upp» eller
tenne på eldsmælet, gjekk dei ut og såg etter til
kva for kant røyken för — for på den kant skulde
det sumaren etter bli ufred.
ERLING TROMALD
Erling Tromald levde i si beste velmakt umlag
ved 1700 årsskiftet. Det var ein ferm kar. Ein gong
fata han eit lamb etter ulli og heldt det slik i eine
handi med” han sette til ned etter liene frå Øvre
Tromald og heilt ned til Krøderfjorden. Men då
han kom ned var lambet daua av redsle. Ein gong
vilde han prøve børsa — kor langt han kunde skyte.
Han stod på Røvsalhaugen ved Tromald og sikta.
So drog han av, skotet gjekk og kula dratta ned i
gryta hjå nokon tømmerhoggarar som heldt på å
koke graut i stugo på Buøyhalsen, på andre sida
av Krøderen. Børsa var laga av Gudbrand Torson
Gislerud og heng no i Handelsforeningi i Krøds-
herad.
Ein gong kom det tvo fatiggutar gå-ande isen på
Krøderen beint ut for Tromald. So kom det setande
ei heil horg med skrubb etter dei.. Gutane kava og
slo frå seg med posane, men det spøkte stygt for
at gutane skulde bli tekne av skrubben. Dette såg
Erling, og so fata han børsa og la til ned på isen,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>