Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
118
la an frå sverande langt hald og skaut den eine
ulven, og dermed vart dei andre glubske beisti so
skremde at dei gav seg attende.
RYGGTROLLET
Ryggætti var i lang tid plåga av eit troll, dei
kalla Ryggtrollet. Då Ragnhild Rygg fyrste gong
låg i barselseng la trollet seg uppe ved veggen i
sengi og skremde mest livet av henne. På dei tider
-— var det påbod at kvar bonde skulde ha ei børse og
umagane (ungkarane) ein kåre. Desse våpni vart
kalla gardsvåka.
Ein gong for året vart det halde våknting eller
våpenting i bygdi, då skulde bøndane møte fram
og syne gardsvåkna.
Då Ragnhild låg slik og vart so leidt plåga av
Ryggtrollet, kom mannen hennar just heim frå
våpentinget. Med det sama han kjem inn i stugu
ser han skuggen av trollet på veggen, han spring
til og høgg etter det med kåren. Dermed vart det
burte for denne gongen og Ragnhild fekk fred. —
Lenge etter var mannen på Rygg ute og gjekk ei
natt. Han såg då eit fælande stort, stygt auga. Han
gjekk og togg tobak og slengde ei tobaksklyse rett
burt i dette fæle auga. Dermed var det noko som
greip fat i han og heldt han fast, som han skulde
ha vore fjetra i eit skruested. Endeleg fekk han
skumpa noko til den steinhella han stod på og då
kom han seg laus.
Ryggtrollet huserte ogso på Røo i Kvisli og på
Hallsteinsgard i Ustedalen. Det var same ætti her
som på Rygg.
Ein gong för tvo sterke karar til Hallsteinsgard
og vilde hjelpe til å drive burt trollet der i frå. Komne
vel innum døri på Hallsteinsgard blir dei vår eit
8 — Hallingdal og Hallingen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>