Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
124
me ferdig, at det var berre som eit led att, ropa
det ovan frå åsen; — han kvakk so han slepte
årine: «Etle le, etle le! so ska dæ bli fisk både åt
me” 0 de” — elles ska dæ kje bli de” uheppeslaust i
niende le’!»» — Ola Berg etla att eit led, for han
torde ikkje stengja haugafolket heilt ute. Frå denne
tid var det so mykje aure i Bergsjøen, at Ola køyrde
telle hestelass til bygdars.
Seinare hadde Berg støl burte i Hemsedalstraktine
i lange tider, og då minka det stygt med fisken i
Bergsjøen, slik at då den yngre Ola Bers’ — sone
sonen til han fyrste Ola — som vart nemd her, selde
stølen i Hemsedalsfjelli og flutte attende til Berg-
sjøstølen, laut han til å frakte småfisk upp i Berg-
sjøen frå Vatsfjorden, og sea har det vore flust
med fisk der uppe.
Ein gong var det kome framandkyr inn på støls-
vollen der på Bergsjøstølen, og medan Birgit jaga
dei sette ho frå seg det vesle barnet ho bar på
armen. No hadde Birgit ikkje sylv på barnet, so
haugafolket hadde nok makt over det. Då Birgit
kom attende og hadde jaga krøteri sat det endå eit
barn der ho hadde sett frå seg barnet sitt, og båe
var so like, at ho visste ikkje kven som var sitt
eige barn, men ho tok det som ho totte var det
finaste, barnet ho tok med seg var ein byting.
I ei rettssak i Vats 1729 upplyste eit vitne —
Torbjørn Torsteinson frå Bergenhus stift, som
elles hadde vore i Vats i 60 år, at fyrti år fyre denne
tid, altso ikring 1690 var det tjukk, sver skog i
Vatslii sunnafor Vatsfjorden. Men det var truleg
berre bjørkeskog, for det blir tala berre um beit
og brenneved. No er det ogso furuskog her. Fyre
1690 må det ogso ha vore nåleskog på desse trak-
tir, for det finst store fururøtar her og lægar.
På Nordre Berg er Håkon den sjuande eigarman-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>