Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
125
nen av same ætti, son etter far. Odelsbøndene har
heitt Ola og Håkon heile tidi. I det 8. ættled attende
heitte eigaren Eilev Håkonson.
Ljø — lyd, nemme — nær, le — led (i innhengning eller
gjerde) le — ogso ættledd. :
KLAUS OG KNUT NEROL
-— Knut Nerol i Hol hadde makaskifta gardar med
mannen på Foss i Kvisli og skulde flytja dit, men
det var ingi flytjing. Dette gjekk soleis til: Knut
sende bø til ein arbeidsmann heitte Klaus, han
hadde telgt tømmer for honom på Foss. Ein kjende
ikkje til tømmersagir på desse tider — tømmeret
måtte kløyvast med øks og bløygjer og so telgjast
til, dersom det skulde nyttast til golv og slikt. Klaus
skulde få korn for telgjingi, det var difor Knut
sende bø etter han. Klaus fylgde Knut på stolp-
huset og heldt i hiti. No totte Klaus at Knut mælde
for snautt, og so sa han:
«Å gnag ikkje so nøgje, Knut! E fær ikkje ta
dæ slik mæ tii då e telgji hjå deg». Knut vedgjekk
det sea, at det var som ei usynleg makt som i det
same tok handi hans og førde til knivsliri: Han
drog kniven og rispa magen upp på Klaus, so han
døydde med same. Knut var sjøl skremd då han
sprang ut or stolphuset. Kjæringi, som slumpa til
å vera ute på tunet, spurde kva som var tiss. «Å
dæ står alt for gale te. FE trur e ha kvitta ”n Klaus»,
svara Knut, og so tok han spranget att og för
uppå Haugen — ein husmannsplas ovanfor Nerol
— her budde nokon folk, dei kalla Gro-folket. Dei
såg kva ofse Knut var i og spurde kva som stod
på: «Å e veit ikkje anna — e ha sta-drepe ”’n Klaus»,
sa han, og so sette han til fjells der og kom seg til
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>