- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
127

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

127

lenge sa han: «E har høyrt gjete at dæ ska vera
tvo gjilde gjentu her på gard’n o e vilde gjedne
ha den eine te tenestgjente — ja like so gjedne te
eige som te leige».

Og det vart til det, at han fekk den eine av desse
gjentone — heitte Ragnhild, til kone, og dei levde
lenge og lykkeleg saman.

Men då Ivar var død gifta ho seg upp att, og det
gjekk ille, ja so gale at ho måtte ta betlarstigen.
Denne andre mannen hennar var frå Holastølen.
Ragnhild hadde tri døttrar med Ivar.

Skottre — kike, glaset — vindauga.

PRESTEN, KLOKKAREN OG BUKKEN
I NESKYRKJUN

Det hende ein gong på Nes, at ein skjeggut bukk
var komen inn i kyrkja. Det var ein sein, mørk
haustkveld folk høyrde det tasla og gjekk inne i
kyrkja. Ei gamal kone kom andpusten, hovud stups
inn på kjøkenet i prestegarden og fortalde kokka
dette. Kokka fortalde det med det same til preste-
frua, som la inn på kontoret til presten og fortalde
at djevelen rusla på inne i kyrkja. No var ogso
klokkaren i prestegarden denne kvelden — han og
presten sat spelte femkort. «Du får ta ei lykt og
sjå burt i kyrkja, du klokkar», segjer presten. «Nei,
det er best han Far går — det står meir age av
han», svara klokkaren, nok so smeikjen for å sleppe
frå det.

Båe var krit-kvite i andletet. «Er du redd, klok-
kar?» spør presten. Nei, langt der i frå, klokkaren
var ikkje redd. «Men kunde me ikkje gå båe tvo —
det er ikkje so stussleg når det er tvo i fylgje»,
meinte klokkaren. Det vart då til det, at dei skulde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free