Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126
sist over til Sverike. Han hadde vore burte frå hei-
men i 20 år, men då dreiv samvitet og lengtingi
han heim att. Kjæringi budde på Nerol endå, og
tok vel i mot han. Det spurdest snart at Knut var
komen heim att, og lensmannen, som budde på
Haga nedst ved Holsfjorden, fekk ogso høyrd um
dette og laut av stad — for syns skuld — han vilde
helst unngå å setja han fast. Lensmannen banka
på vindauga på Nerol og spurde: «Er du her,
Knut?» «Ja, e& æ her», svara Knut. «Det var troll,
at du svara meg. — Å kvifor kom du heim att!
No æ e nøydd te å setja de" inn», segjer lensman-
nen. «E kunna kji halde dæ ut å vera burte frå
heimen lenger, no vil e 1” dauen, som e har for-
tent», svara Knut. Ei tid her etter vart han avretta
på Skalkehaugen ved Hol kyrkje. Det står ein stein
på rettarstaden den dag i dag.
Kvitta — drepe, avliva. Sta-drepe — drepe på flekken
(staden).
DÅ SVARTE-IVAR FRIDDE
Svarte-Ivar var ungkar og budde på Larsgard i
Høve. Ein dag kom han ridande til gards i Grøvo,
i Stasklæde, og med stassal på gampen. Han reid
i kring og i ring ute på tunet og det smala og
skrapa i stein og i hellor då den skarpskodde ung-
hesten tråva der, so alle som heime var laut skotre
burt i glaset.
Den svartmuska Ivar’n sat stram og kjøn i salen
som ein offiser og styrde tyglane, som han ikkje
skulde ha gjort anna all sin dag. Langt um lenge
steig han av hesten og gjekk inn. — Han vart vel
motteken, benkja i høgsætet og traktera med det
beste huset formådde. Då han hadde ete vel og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>