- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
133

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

183

æ alder so langt myljo bergo at kji trolle" treffast»,
tenkte e mæ me sa Kristen seinare, då han for-
talde dette. Gurilii er ein støl sunnafor Rukkedalen,
og Djupedal er ein støl ovanfor Kvinnegardslii i
Älsgjeld.

Ein annan jolekveld skulde Kristen og Nils Sju-
gurdsrud ned og kveldstelle hestane. — Trast
nedanfor stallen er det ein ende bratt bakke som
kallast Kjæringbubakkjen. Der i frå høyrde dei
felelåt og dans so tydeleg at dei av og til høyrde
koss det skramla i ørytone, som ein jamt høyrer
det i eit danselag når dei kjem for langt burt i
krokane, der grytone står. Båe karane stod lenge
og lydde og lærde slåtten som endå no til dags blir
spela på fele i danselag i Nesgjeld.

TRONDEN

Tronden tente på Eikli i Hera. Fi kald, sjerne-
klår jolenatt stod han ute på gardsplassen. Best som
han stod der og såg på dei glitrande stjernor fekk han >
høyre sterk bjøllesingling og skramling av grime-
lekkjor. Han høyrde ogso skratting, glederrop og
tale, som vart meir høglydt etter kvart, og rett som
det var vart han teken uppå ein hest, og det bar
avstad burt etter moane. Det var joleskreii. Det
var ei stor ferd med ridande og køyrande, større
enn nokon brudeferd. Det var skrål og ståk, so Tron-
den hadde aldri vore med på noko slikt, og fort gjekk
det, trei berre slatt forbi dei på ferdi gjenom dalen.
«Men i Jessu namn, kva er no dette for noko», så
Tronden. Han hadde ikkje sagt setningen tilendes
før han vart kasta av hesten, og der låg han på ryg-
gen og høyrde at joleskreii skråla avgarde ned-etter
dalen. Han var ved Svenkerud. Tronden gnika seg
i augo og tenkte — ved Svenkerud var han og her

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free