Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
184
ved Svenkerud vart han ogso liggjande — dersom
han ikkje tok føtane fatt, men det gjorde han, og
kom heim att til Eikli langt på natt — berrføtt og i
underklæi.
TORKJEL KLEPPO
Torkjel Kleppo i Hol gjorde friing og giftarmål
av i ein fei. Ein fredagskveld gjekk han til Neste-
gard i Høve, og han tok vegen like i fjøset, der han
visste gjenta han hadde set seg ut, låg. Han fridde,
og gjenta svare ja, og so fekk han med gjenta inn
til foreldri hennar og bad um å få henne for alltid.
Dette hadde dei inkje noko i mot, men då Torkjel
vilde ha gjenta med til Kleppo på timen, gjorde dei
innvendingar, og det same gjorde gjenta. Ho måtte
Snugge seg litegrand. Men Torkjel meinte på det at
ho kunde «snugge seg» hjå han. «E har ingjin te å
vaske golvet, 0 i morgo æ dæ lurdan — ho må bli
mæ trast!» sa han. 3
Og til det vart det, ho fylgde festarmannen sin
heim same kvelden. Laurdagen vaska ho og stelte
alt i den beste stand på Kleppo og brudlaupet vart
halde trast etter.
KONFIRMASJONEN I DEN FYRSTE TIDI
Som velkjent er, vart konfirmasjonen innført i
året 1736. I Hallingdal var det mange som ikkje
våga seg fram for å bli konfirmera den fyrste tidi.
Prestane uppmoda elles frå kordøri ungdomen til å
melde seg til konfirmasjon, men det var få som våga
seg til å ta dette steget, som sagt.
Gunhild Medgarden var den fyrste som vart kon-
firmera ved Hol kyrkje. Ho var den einaste som
våga seg fram. Men ho var ogso sers flink til å lesa.
Ho var 20 år gamal då ho vart konfirmert — ho var
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>