- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
143

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

148

i stølsbui til Rygg-kjæringi og spurde um det var
same leids hjå henne med den tjukke rummen og
den feite osten. Rygg-kjæringi vart harm for slikt
svall og sa: «Dæ æ som du sigji, men no bli dæ vel
slutt mæ dette». Og slik gjekk det: rummen vart
her etter dags tunn og osten mager.

Skrepper: rosar.

KONG SVERRE I HALLINGDAL

I Sverresoga vert det fortalt, at kong Sverre var
i Hallingdal. Som ein veit kjempa Sverre og bjørke-
beinane hans ein hard kamp mot eit forædersk
og sterkt parti — baglane. I brodden for desse
baglane stod bisp Nikolas. Kong Sverre og hans
menn leid mykje ilt under den lange kamp mot
baglane.

Soga fortel at Sverre ein gong för over fjelli
frå Voss og skulde til Nidaros, eller som det no
heiter: Trondheim, i fylgje med alle sine hérfolk.
Og han råka fleire vendor ut for eit forfælande
uvér. Sverre heldt ein tale til mennane sine, og
medan han tala lyste soli upp.

Endå Sverre hadde 5 kjendmenn som vegvisa-
rar, kom dei ut av leid, og 120 hestar og mykje av
andre eignaluter strauk med. Ei vike til endes
hadde bjørkebeinane ikkje anna enn snø å eta. Den
30. oktober var uvéret so hardsett, at ein av Sverre
sine menn bles over ende og fekk knekt ryggen på
tri stelle, so han døydde. Mennane måtte kaste seg
over ende i snøen og halde skjoldi over seg. Nokon
av hérfolki vart motlause og vilde kaste seg ut for
fjellet for å få slutt på lidingi, andre vilde på
fedres vis at dei skulde gjera det av med kvar-
andre med våpen. Medan stormen kvein og snøen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free